Kristoffer Dahle til Nesset bibliotek

Arkeolog Kristoffer Dahle kjem til Nesset bibliotek med foredrag om opphav og utvikling av seterbruket i 
Møre og Romsdal.

Foredrag på biblioteket

Fotografi. Portrett av Kristoffer Dahle. Avbildet i grønn t-skjorte. I bakgrunnen er avbildet studenter som sitter rundt et bord. - Klikk for stort bildeKristoffer Dahle Møre og Romsdal Fylkeskommune

Nyleg avla Kristoffer Dahle, arkeolog og rådgivar ved Kulturavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune, eit doktorgradsarbeid om opphavet og utviklinga av seterbruk i Norden, med særskilt fokus på Møre og Romsdal. Vi er glade for at Kristoffer Dahle vil kome til biblioteket for å presentere arbeidet sitt.

I dei eldste kjeldene om setrene, heilt tilbake til mellomalderen, heiter det at seterbruket skal vere som det har vore frå gamal tid. Men kor gamal er eigentleg seterbruket, kva for nokre faktorar var det som låg bak etableringa av denne driftsforma, og korleis har bruken av fjellbeita utvikla seg frå dei første husdyra kom hit i slutten av yngre steinalder og fram til det nådde sitt høgdepunkt på 1800-talet? Seterbruket som har stått så sterkt her i fylket, står no også på UNESCO si verdsarvliste for immateriell kulturarv.

På bakgrunn av eit bredt spekter av nye og gamle metodar, som han nytta i sitt nyleg avlagte doktorgradsarbeid, vil han tilnærme seg desse spørsmåla og presentere ei samla framstilling av seterbrukets opphav og utvikling - med særleg vekt på forhold i Møre og Romsdal.

Vi har enkel servering. Gratis inngang.

Alle er hjarteleg velkomne!

Når: Onsdag 25. november kl. 18:30

Hvor: Nesset bibliotek