Ylva og villgeitene avlyst i Midsund grunnet motorhavari

Forestillingen vil bli i september.

Ylva og villgeitene er ei ny, musikalsk forteljeframsyning om å vere glad i naturen og om å vere modig og sterk når det trengst.  
 
Ylva og pappa er på veg til sommarhuset, som ligg ute ved havet. Men dei er ikkje aleine under dei bratte fjellsidene. Villbukken Svartskjegg og geiteflokken hans held også til her.  
 
Der på smale stien står han: 
Breibeint, utemt, olm og frekk  
Stenger vegen, senkar horna 
«Eg kan ikkje jagast vekk!» 
 
I lufta over dei kretsar ørna.  Ylva oppdagar noko nede i fjøresteinane. Noko lite og levande. Ei villgeit held på å få killingar, og ørna er på jakt. Kan Ylva klare å redde dei to killingane åleine? 
 
Ylva og villgeitene er ei forteljing om  å vere modig og sterk når det trengst, men også om å bry seg om alt levande som finst i naturen ikring oss.  
 
Biletboka er skriven av Hilde Myklebust og illustrasjonane er ved Akin Düzakin. Til Litteraturbåten Epos sin vårturné har Rom for ord engasjert skodespelar Lina Thaula Fjørtoft til å lage ei dramatisert lesing av boka, i samarbeid med formidlar Adele Lærum Duus som har regien på framsyninga. Midtvegs langs ruta tek skodespelar Katrine Lovise Øpstad Fredriksen rolla som forteljar om bord i Epos. Til framsyninga har forfattar Hilde Myklebust laga to nye songtekstar som vert tonesett av musikar og komponist Annlaug Børsheim.  

8. april 2024