Vente på fuglen

Likar du å lese noveller fordi dei er kortare enn ein roman, men gir deg same opplevelsen? Stort kortare enn Frode Grytten gjorde det i denne samlinga fra 2014 kan det knapt gjerast!

Med 140 teikn pr. novelle tek Grytten oss med på ei reise gjennom livet. Boka er eit resultat av Twitterprosjektet til forfattaren, som gjekk ut på å skrive ultrakort om dei store tinga i livet. Boka inneheld eit utval av dei beste novellene frå prosjektet. 

Ein dag i livet til nyttårsbarn (22 timar): 
Skrike. Sove.Ete. Sove. NRK. Sove.NTB. 
Ete. Sove. TV2. Drite. Bade. Skrike. 
Sove. Ete. Sove. 


Så enkelt startar det, ikkje veldig poetisk, men det innheld akkurat det første linja lover. Boka held fram med barnet som veks til og blir ein tenåring med turbulente tenåringstankar: 


Face. Twitter. Skype. Mail. Chat. Blogg. 
iPhone. Gowalla. Google+. Og ikkje eitt 
einaste jækla ord frå verdas 
kleinaste kjæraste (15). 


Frå tenåringens svart/kvit-verd beveger vi oss inn i den vaksne verda, krydra med beisk humor og skråblikk på samfunnet vi lever i:  


Høgre-mann (35) står opp, fiksar frukost, 
sjekkar blodsukker, pussar tenner, oljar 
føter, skyl tarm, tar på blådress og går ut i 
tiggarfri by. 


Innimellom får vi, befriande nok, både halvdårlege vitsar og velbrukte ordspel, men desse er med på å gjere boka til det ho er. Lesbar! 


Rekneskapsførar (40) føler at han har 
noko uoppgjort med heile verda. Etter 
kvart viser det seg at han også har noko 
uoppgjort med Økokrim. 


Kjærleik har ein stor plass i boka og eg synest at novellene med ny kjærleik i halvgamle hjarte er  særs fine: 

Einaste ledige plass for kvinne (44) er ved 
bordet der mann (45) sit. Lenge før kaffi og 
dessert, er dei blitt jente (16) og gut (17). 

Alderdomen har og fått ein romsleg plass, både det å bli godt vaksen, å bli pensjonist og det å bli aleine er vakkert ordsett. Kanskje treff desse novellene hjartet på ein spesiell måte når ein sjølv er over midtvegs i livet?  

Språket i enkelt av novellene kan virke litt enkelt, og ordforrådet står innimellom ikkje heilt i stil med det Grytten brukar levere i bøkene sine. Men, når du har 140 teikn til rådighet så må det nødvendigvis bli slik. Og det gjer ikkje boka sett under eitt dårleg, det berre beviser at forfattaren er ein ordsmed av rang! 

Alle gode ting har ein ende seiest det, og slik er det og med denne boka. Og Frode Grytten avsluttar slik: 


Han starta med to tomme hender. På det 
meste hadde han 350 hender i arbeid. No 
ligg han her, fullstendig avhengig av 
andres hender. 

Fleire bøker av Frode Grytten

  1. Start

    Undertittel: dikt
    Av: Grytten, Frode
    Språk:
    Bokmål
    Publiseringsår: 1983
    Finnes som: Bok
  2. Langdistansesvømmar

    Undertittel: noveller
    Av: Grytten, Frode
    Språk:
    Publiseringsår: 1990
    Finnes som: Bok
  3. 80° aust for Birdland

    Undertittel: noveller
    Av: Grytten, Frode
    Språk:
    Nynorsk
    Publiseringsår: 1993
    Finnes som: Bok
  4. Meir enn regn

    Undertittel: noveller
    Av: Grytten, Frode
    Språk:
    Nynorsk
    Publiseringsår: 1995
    Finnes som: Bok
  5. Dublin

    Av: Grytten, Frode
    Språk:
    Nynorsk
    Publiseringsår: 2002
    Klassifikasjon: Storbritannia--geografi
    Finnes som: Bok
  6. Popsongar

    Undertittel: noveller
    Av: Grytten, Frode
    Språk:
    Nynorsk
    Publiseringsår: 2001
    Finnes som: Bok
  7. Hull & sønn

    Av: Grytten, Frode
    Språk:
    Bokmål
    Publiseringsår: 2004
    Finnes som: Bok
  8. Flytande bjørn

    Undertittel: roman
    Av: Grytten, Frode
    Språk:
    Nynorsk
    Publiseringsår: 2005
    Finnes som: Bok
  9. Gabba gabba hey!

    Av: Grytten, Frode
    Språk:
    Nynorsk
    Publiseringsår: 2008
    Klassifikasjon: Sport, spill og underholdning
    Finnes som: Bok
  10. Bikubesong

    Undertittel: roman
    Av: Grytten, Frode
    Språk:
    Nynorsk
    Publiseringsår: 1999
    Finnes som: Bok
  11. Det norske huset

    Av: Grytten, Frode
    Språk:
    Nynorsk
    Publiseringsår: 2009
    Finnes som: Bok
  12. 50/50

    Undertittel: essay
    Av: Grytten, Frode
    Språk:
    Nynorsk
    Publiseringsår: 2010
    Klassifikasjon: Norsk skjønnlitteratur
    Finnes som: Bok
  13. Saganatt

    Undertittel: roman
    Av: Grytten, Frode
    Språk:
    Nynorsk
    Publiseringsår: 2011
    Finnes som: Bok
  14. A-ha: Scoundrel days

    Av: Grytten, Frode
    Språk:
    Nynorsk
    Publiseringsår: 2011
    Klassifikasjon: Sanger
    Finnes som: Bok
  15. Brenn huset ned

    Av: Grytten, Frode
    Språk:
    Nynorsk
    Publiseringsår: 2013
    Klassifikasjon: Rockesanger (rock 'n' roll)
    Finnes som: Bok
  16. Vente på fuglen

    Undertittel: noveller
    Av: Grytten, Frode
    Språk:
    Nynorsk
    Publiseringsår: 2014
    Finnes som: Bok
  17. Sånne som oss

    Undertittel: skodespel
    Av: Grytten, Frode
    Språk:
    Nynorsk
    Publiseringsår: 2015
    Finnes som: Bok
  18. Menn som ingen treng

    Undertittel: noveller
    Av: Grytten, Frode
    Språk:
    Nynorsk
    Publiseringsår: 2016
    Finnes som: Bok
  19. Landet bortanfor landet

    Undertittel: område 51 : protestsongar
    Av: Grytten, Frode
    Språk:
    Nynorsk
    Publiseringsår: 2019
    Finnes som: Bok
  20. Garasjeland

    Undertittel: noveller
    Av: Grytten, Frode
    Språk:
    Nynorsk
    Publiseringsår: 2020
    Finnes som: Bok
  21. Leggetid

    Av: Grytten, Frode
    Språk:
    Nynorsk
    Publiseringsår: 2020
    Finnes som: Bok

Målgruppe:

Tagger:

Tipset av: Anna Marie Jensen 19. februar 2021