Forfattar Anders Totland kjem til Molde bibliotek 28. november.

Hans nyaste roman, «Til jord skal du bli», blei i fjor haust riven ut av butikkhyllene, utan å ha fått ei einaste bokmelding i pressa – og klatra rett inn på bestseljarlista. Som om ikkje det var nok, skal boka no bli film!

«Ein tøysethriller» kallar forfattaren boka, men det er òg eit alvor der. «Til jord skal du bli» er utan tvil ei julehistorie og ein roman utanom det vanlege. Her er det snø, julegåver, juletre og julepynt, men også gangstarar, forsømte barn, drap, blod og gørr. 

Den pensjonerte presten Jacob Juul får litt for mykje i hendene denne førjulstida. På få dagar går han frå å vera pensjonert prest som røktar bier og brenn sprit i uthuset, til å bli både bestefar, enkemann og mordar. Korleis skal han redda seg sjølv og vesle Isabelle Donnatina frå gangstarane, og kva i all verda skal han gjera med den daude torpedoen i uthuset? Heldigvis har han gode kontaktar, og ikkje minst hjelper det at bestekameraten er lensmann. Det er uansett duka for alvorlege forviklingar.

Bokbloggar Kjell Magne Gjøsæter har gjeve «Til jord skal du bli» seksar på terningen, og skriv: "Den er morosam, hjertevarm og sjarmerende på ein sjuk, sjuk måte. Anders Totland har skapt eit strålende univers med ein sjarmoffensiv av karakterer. Dette er ei bok som vil treffe eit bredt spekter av lesarar. Eg kan ikkje anna enn å la meg bli trollbundet av den vanvittige historien. Les den. Du vil ikkje angre."

Anders Totland har på sju år gjeve ut ein drøss med bøker i mange sjangrar og for alle aldrar. Han har skrive faktabøker for barn, kokebok, dokumentarbok om folkeopprøret mot vindkraft, ungdomsromanar, vaksenromanar og no også «tøysethriller».

Gratisbillett hentes ut hos hoopla.no



Velkommen!

  1. Til jord skal du bli

    Undertittel: roman
    Av: Totland, Anders
    Språk:
    Nynorsk
    Publiseringsår: 2022
    Finnes som: Bok

Målgruppe:

30. oktober 2023