Soga om vêret

- Sidan var det som om alt gjekk han imot her på staden, og ikkje var det noko liv her.

Tv-en dett ut støtt, eller straumen går, så til slutt reiste Dösi innover og leigde seg ein stor einebustad med parabolantenne, og kanskje er han lukkelegare enn alle oss her ute til saman. Kven veit?

Forteljinga føregår i ein gudløys fjord ytst nord-vest på Island, der nokre få forslitne sjeler driv sjarkfiske utan fiskekvoter. Ein av desse fiskarane, Halldor, skriv dagbok. Det er denne dagboka som blir funnen av sorenskrivaren i det vesle samfunnet og sendt til eit forlag, i det som dermed utgjer ei rammeforteljing med noko diffuse grenser.

Dette er Birgirssons debutroman, og kom så tidleg som 2003 og omsett til norsk i 2014. Og som i den meir omtalte boka Svar på brev frå Helga, er omsetjinga ein viktig del av denne leseopplevinga. Det er ulike omsetjarar, her er det Margunn Rauset som har omsett til nynorsk, og for ein nynorsk!

Det er ord, og talemåtar eg kjenner frå eigen dialekt, det flyt av stad, og skildrar eit samfunn heilt i ytterkanten av alt.

Det er Halldors livshistorie som ber fram forteljinga, og som avdekkes etter kvart, gjennom hans møte med Gud, ein prest, ein krøpling, torsken og kjærleiken.

Nok ein roman frå Island eg anbefalar varmt!

Tagger:

Tipset av: Marianne Ingeborg Langøy 23. august 2024