Stader for skrift 2020
Kva er eigentleg heime og kva betyr forfattarens heimstad for skrivinga? I Nynorsk kultursentrum sitt prosjekt, Stader for skrift, møter vi sju forfattarar frå Møre og Romsdal gjennom film, fotografi og podkast.
Møre og Romsdal har mange spennande forfattarar. I prosjektet Stader for skrift 2020 får du møte forfattarar frå alle kantar av fylket. Nokre har flytta, medan andre framleis er der dei vaks opp. Bak portretta står forfattar Bjørn Vatne, fotograf Ma Ortiz og produksjonsselskapet Blåst Film. Du kan oppleve dei sju forfattarportretta i podkasten vår Nynorsk no og gjennom film og fotografi. På kan du søkje opp, og lese meir om, kvar einskild forfattar.
Mette Karlsvik er fødd i Bodø. Ho voks opp på Frei på Nordmøre og er busett i Oslo.
Karlsvik debuterte i 2005 og har gitt ut fleire romanar, samt ein teikneserie saman med illustratør Tord Torpe. Ho har vunne fleire prisar for sitt forfattarskap og ho har motteke forskjellige forfattarstipend.
Med eit energisk, sprudlande, kreativt og oppfinsamt språk skriv ho i bøkene sine om anoreksi, om ein flygeleiar på Kvernberget flyplass og om Island for å nemne noko.
Bøkene hennar kan du sjølvsagt låne på biblioteket.
På nettstaden Stader for skrift 2020 finn du dei andre seks forfattarane, til dømes Knut Ødegård frå Molde og Svein Sæter frå Stangvik.