Foredrag om Ferjefolket 16. januar hos Midsund bibliotek
I den nye boka si har Halvor Folgerø møtt ferjefolk frå Smøla i nord til Stavanger i sør, og samla historier om livet på og med ferjene. Om kvardagsliv, komikk, romantikk og dramatikk. Om storm og stille, fest og fødslar, kjærleik og kø.
Vestlandet kan oppsummerast i tre f`ar: fjell, fjordar og ferjer. Ingen transportmiddel er meir elska og hata enn ferjene. Ein viktig del av den vestnorske folkesjela, anten vi likar dei eller ikkje. Sakte, men sikkert blir dei erstatta av bruer og tunnelar.
I foredraget får du høyre dei beste historiane, og sjå dei finaste bildene.
Halvor Folgerø er forfattar, musikar, journalist og programleiar. Han har dei siste åra hatt stor suksess med bøkene sine om Vestlandsvegar.
Etter foredraget blir det høve til å kjøpe signerte bøker.
Gro Jørstad Nilsen i Bergens Tidende skriv dette om boka:
Underhaldande kulturhistorie. (...) Ferjefolk har mykje meir enn sveler å by på i denne boka. (...) Ein litterær tur på utvalde ferjesamband, til skrekk og fornøyelse. (...) Det ferjefolket har å fortelje er lunt gjengjeve av Folgerø, som til liks med bøkene om vestlandsvegane verkar genuint nysgjerrig på kva folk har på hjartet.