Halvor Folgerø: Ferjefolket

Arrangement

Arrangementet har allerede vært

16 januar torsdag 2025
16 januar torsdag 2025
16.01.2025 til 16.01.2025.
Plass Midsund bibliotek
Pris: Gratis
Målgruppe:

I den nye boka si har Halvor Folgerø møtt ferjefolk frå Smøla i nord til Stavanger i sør, og samla historier om livet på og med ferjene. Om kvardagsliv, komikk, romantikk og dramatikk. Om storm og stille, fest og fødslar, kjærleik og kø.

Vestlandet kan oppsummerast i tre f`ar: fjell, fjordar og ferjer. Ingen transportmiddel er meir elska og hata enn ferjene. Ein viktig del av den vestnorske folkesjela, anten vi likar dei eller ikkje. Sakte, men sikkert blir dei erstatta av bruer og tunnelar.

I foredraget får du høyre dei beste historiane, og sjå dei finaste bildene. 

Halvor Folgerø er forfattar, musikar, journalist og programleiar. Han har dei siste åra hatt stor suksess med bøkene sine om Vestlandsvegar. 

Etter foredraget blir det høve til å kjøpe signerte bøker. 

  1. Ferjefolket

    Undertittel: storm og stille, fest og fødslar, kjærleik og kø
    Av: Folgerø, Halvor
    Språk:
    Nynorsk
    Publiseringsår: 2024
    Klassifikasjon: Handel, kommunikasjonsmidler, samferdsel
    Finnes som: Bok