Midsund bibliotek opnar igjen
Frå torsdag 28. mai kl 09
Biblioteket opnar att for utlån og innlevering. Lånarane oppfordrast til å tinge på førehand.
Tilkomst
- No kan du parkere ved Midsundhallen, gå over gangfeltet og fylgje skilting mot skulen til høgre.
- På hjørnet av symjehallen går du rett fram og så til venstre.
Bestilling
- Søk og reserver på https://www.molde-bibliotek.no/
- e-post: midsund.bibliotek@molde.kommune.no
- Ring 94146868
- Du får beskjed på sms eller e-post når tinginga di kan hentast.
Innlevering
- Bruk innleveringskassa som står rett fram når du kjem inn på biblioteket.
- Når biblioteket er stengd nyttar du innleveringskassa ved inngangen til Spar.
Smittevern
- Bruk hand-desinfeksjon.
- Dersom du har symptom på forkjøling må du få nokon andre til å hente for deg.
Andre bibliotektjenestar som lesing, bruk av PC, spel og bruk av arbeidsplassar er enno ikkje mogleg.
Få samtidige personar kan opphalde seg i biblioteket samstundes.